|
Vestasong
|
|
Vestasong fotografert i samband med "Fliflet/Hamre morer julen inn", der dei også vart tildelt prisen for årets julekvedar 2005. Benedicte Maurseth, Kari Malmanger, Annlaug Børsheim, Monika Kolskår. |
|
Lydfiler |
|
|
Ei vokalgruppe utanom det vanlege, som blandar folkemusikk og andre sjangrar med fri improvisasjon.
Vestasong har eksistert sidan 2005. Medlemene fekk kontakt med einannan gjennom studiet på Ole Bull Akademiet og folkemusikkmiljøet i Noreg. Dei har alle vore elevar av Berit Opheim og har såleis vorte introdusert til å syngje og improvisere ilag. Det mest prestisjetunge oppdraget til no har vore for Wien Konzerthaus der dei hadde konsert i Februar 2006. Alle fire har vokse opp på Vestlandet, i Hardanger, og dei forvaltar eit repertoar frå tradisjonsområdet sitt. Det er fire ulike stemmer som saman skaper ein spennande heilskap. I Vestasong vert folkemusikken bearbeidd og introdusert for element frå andre sjangrar.
Booking: karikarima@yahoo.com / + 47 98 80 88 35 |