|
Kva kan eg tilby?
|
|
|
|
|
|
Eg er ein songar med brei erfaring og høgt nivå. Hovudvekta er på folkemusikk, men eg har også jobba ein del med jazz og improvisasjon. Elektronikk som vokaleffektar og loop har etter kvart kome inn som verkty for meg i somme samanhengar, då spesielt når eg jobbar improvisatorisk. Eg syng i band, kor, vokalgrupper eller heilt solistisk. Eg arrangerer også musikk for vokalensemble. Som songar tek eg både små og store oppdrag innan fleire sjangrar. Det eg syng vert tilpassa ynsket til oppdragsgivaren, og eg er gjerne med på å finne repertoar som passar inn i ein større samanheng. Tradisjonelt er folkesongen solistisk. Såleis syng eg også gjerne utan akkompagnement.
Repertoar Lokk, religiøse folketonar, skjemteviser, mellomalderballadar, stev, slåttetralling og andre slag folkesong. Improvisasjon. Jazz/Standardlåtar. Populærmusikk. Klassisk m.m.
Kursverksemd Eg held også kurs i kveding for skular, lag eller andre grupper som måtte ynskje det. Kursopplegget kan tilpassast nivå, tidsrammer og repertoarynske frå deltakarane. Eg har ei musikkpedagogisk utdanning frå Høgskulen i Bergen.
|